Hund og Natur

AM Bamse på "Kamben"

19.05.12

Desverre lite oppdateringar for øyeblikket men det vil ta seg opp når eg kjem heim fra utenlandsoppholdet om nokre veker. Da skal eg og AM Bamse virkelig igjen kosa oss på tur :)

God Påske!

Sjølv om eg ikkje er heime so nyter Bamse påsken på høgfjellet i skikkelig godt påskevær!

Trist dag 28.03.2012

Måtte i dag avliva Alaskan Malamuten Zico. Han vart 13,5 år og desverre so holdt ikkje helsa lenger.Han har vore ein topp turkompis i alle dessa åra og vil bli djupt savna....

Sykle Rallarvegen

LItt tidlig ute, men det går umiskjennelig mot varmare tider so eg har lagt ut ein liten rapport fra da me sykla Rallarvegen under "Turtips". Ein fin helgatur til sommaren for den som vil sykla i strålande natur utan bila susande rundt øyro

Finnmarksløpet startar i dag, 10/3

Endelig klart for Finnmarksløpet!. Følg med på løpets heimeside under "Lenker" .

3.3.12

Mimrestund, bilder fra isfiskekonkurransen på Otrøvatnet påsken i fjor lagt til under fotoalbum "Filefjell".

18.02.2012

"Ny" video lagt til i albumet "Hundane" Bikkjedn storkosa seg da fyste snøen kom i Oktober i fjor.... Fortsatt spreke :)

26/01-2012

Nye bilder lagt til i fotoalbumet "Filefjell"

3/1-2012 Qatar

Har da reist tilbake til Qatar i forbindelse med jobb etter ein kort periode heime. Da seie det seg sjølv att det blir lite med nye fjellturar før eg er heime igjen om 5-6 mnd. Reknar med det blir ein liten tur eller 2 til høgste platået her i landet (103moh), bedre enn ingenting  Det må inrømmast at Qatar ikkje har so mykje å by på reint naturmessig, utanom sand, sand og atter sand... men får ta det ein får.

Helga 16-18.12.2011

Endelig har kuldegradene og snøen gjort sin ankomst, ca 75 cm i terrenget og 8-10 minus. Sola skin på fjelltoppane. Hundane trives no dei får springa og halda seg i form i masse laussnø. Skiføret er brukbart, men løypene tåler fortsatt noko meir snø. Stille og roligt no i førjulstida, bedre kan det ikkje bli. Måtte det berre vara dei neste dagane og.... Fleire bilder blir lagt ut i fotoalbumet..

Hytta 21.11.2011

Etter mildværet siste vekene er den snøen som var kommt reist igjen, sjeldan ein får kjørt heilt fram til hytta so seint i november. Men no er minusgradene tilbake ( -4) så snøen er vel rett rundt hjørna håpa eg. Trur og hundane ser fram til den skal komma, lika seg best da. I mellomtiden får ein berre gjera det beste ut av det, fullt mulig med fine tura på detta føret og. Ska iallefall nyta eit par daga til her oppe.

10- 12. Oktober

Da er endelig snøen kommen på Filefjell, ca 18-20 cm. Litt lite til og fram med skia enno, men nok til at hundane kosa seg. Noko folk sidan det er høst ferie enkelte plassar, men ikkje meir enn det bør vera når været er so fint som det var desse dagane. Vart ikkje dei lange turane dessa dagane sia det bli litt "midt i mellom" føre so gjere det tungt å komma seg rundtom. Men det er som vanlig nydeligt når den fyste snøen endelig legg seg, og når sola skin er det berre herligt 

Helga 1. oktober 2011

Da har eg endelig fått rota meg heim til gamlelandet, og helga 1.oktober vart tilbringe på hytta på Filefjell. Sjølv om det var eit par riktige fine daga denna helga, der me fekk oss ein tur på Gamle Kongevegen på Filefjell, fortsetter høstværet der sommaren avslutta. Nedbør i store mengder, og no ligg og snøen nedover fjellsidene. Men det skal nok bli tid for både rypejakt og ein og anna fjelltur i tida som kjem, det er iallefall godt og nyta fjellet igjen etter over 2 år utan den muligheten. Nye bilder er lagt til i albuma, fleire album kjem so fort eg rekk og oppdatere. Som det seiast: ut på tur aldri sur!

Hundane mine

Hundane mine er av typen Alaskan Malamute, ein polarhund med god og tjukk pels og derfor likar seg best når det er litt kuldegrader og snøen ligg kvit. Dei har eit fint gemytt og er ein alle tiders turkompis. Zico er eldst med sine vel 13 år og har vore hjå meg sidan han var vel 2-3 mnd. Han har vore med på dei aller fleste turane mine men er no blitt sopass gammal at han likar å ta det litt meir med ro. Fortsatt glad i ein tur, men da mest rolige koseturar og er fortsatt frisk og rask. Bamse er 2.5 år yngre enn Zico og har også vore hjå meg sidan han var kvelp. Skikkelig kosegutt men har desverre fått forkalkning i skulder ledda so det blir heller ikkje dei lengste turane på han. Han går for tida på medisin som reduserer smertene so han trives og er ivrig når han får vera med på tur, men blir litt stiv og støl derimellom. Men medisinen fungerar meget bra og merkar stor forskjell på med og utan. Dette er ein stor og kraftig hunderase men allikevel rolig og omgjengelige som er utrulig vennlig overfor mennesker og går suverent overens med barn. Eit kraftig jaktinnstinkt har dei dog so ein må vera påpasselig med hensyn til andre dyr. Kan og vera litt kranglete med andre fremmede hannhundar, so det kan vera greitt og halda dei i band om ein ikkje har oversikten på kva som befinner seg i nærheten. Ellers vil eg klart anbefala denne rasen til friluftsinteresserte som vil ha nokon til å dra både pulk og bæra tunge kløv

Litt om meg sjølv

Eg er ein 35 år gammal mann fra Øvre Årdal i Sogn og fjordane. Som de nok har skjønt ligger mine interesser i jakt, fiske og friluftsliv generellt. Trives best på fjellet da Årdal ligg ved inngangen til Jotunheimen og familiehytta på Filefjell har god ankomst til Skarvheimen, der mulighetane er gode for eit variert friluftsliv. Min andre store interesse er selvfølgelig hundane mine, Zico og Bamse. Sjølv om dei no begynner og merka alderen har me fine turar sammen og humøret er det ingenting å sei på. Eg har nylig komme heim etter og ha budd og jobba i Qatar fra august 2009 til september 2011. No skal det bli godt og kunna begynna og farta rundt i den fantastiske fjellheimen vår igjen  Borte bra men heime definitivt best

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

zico og bamse | Svar 28.06.2011 01.00

snart nyta nokon daga paa fjellet med reservematfar, godt aa komma vekk fra varmen ei stund :)

Zico og Bamse | Svar 28.04.2011 19.40

Påsken er unnagjort, blir nok ei stund til me ser snøen igjen. sommaren står for døra :)

Zico og Bamse | Svar 12.03.2011 23.15

da kom me oss omsider pa fjellet, nysno og akkurat passe med kuldegrader :) god helg :)

Zico og Bamse | Svar 04.03.2011 20.50

skulle egentlig vore på fjellet og kosa oss på hytta, men dårlig vær og stengde vega gjere at det får utsettast. so regn istaden for snø :(

Zico og Bamse | Svar 26.02.2011 03.33

I helga er me paa filefjell sammen med reserve matfar og nyter fine dagar med masse sno og fint skifore. Mykje folk i fjellet i vinterferien

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.06 | 01:00

snart nyta nokon daga paa fjellet med reservematfar, godt aa komma vekk fra varmen ei stund :)

...
28.04 | 19:40

Påsken er unnagjort, blir nok ei stund til me ser snøen igjen. sommaren står for døra :)

...
12.03 | 23:15

da kom me oss omsider pa fjellet, nysno og akkurat passe med kuldegrader :) god helg :)

...
04.03 | 20:50

skulle egentlig vore på fjellet og kosa oss på hytta, men dårlig vær og stengde vega gjere at det får utsettast. so regn istaden for snø :(

...
Du liker denne siden