Galdebergtind

Tur på Galdebergtind

22. Juli 2009. Sto tidlig opp for å komma tidligst mulig avgarde på turen opp mot toppen av Galdebergtind. Sjølv om det er midtsommars so er d rått og kaldt på 1080 moh på parkeringsplassen ved Fondsbu. Dagslyset er enno ikkje komme for fullt, men himmelen er nesten skyfri og utsiktene for ein strålande dag i fjellet er gode. Målet for dagen er den 2075 m høge toppen Galdebergtind. Sekken er pakka lett med mat, primus, drikka og ekstra klær. Det er tross alt høgt til fjells.I halv åtte tida er eg i gang. Sola har komme fram og eg kan legga av garde i berre t-skjorta. I starten går det flatt innover langs vannkanten av Bygdin på stien som går til Gjendebu. Enkelte myrer i starten men ein del er klopplagt so det er fint og gå. Etter ca. 1 time startar stigningen opp mot det navnlause vatnet 1271. Det stiger no kjapt  ca. 200 høgdemeter på god sti oppover fjellsida. Stien berer tydelig preg av og vera velbrukt, men so langt har eg ikke sett folk. Litt tidlig ute kanskje?. Etter den fyste stigningen kjem eg opp til “vingle” brua som går over elva som renner fra 1271 og ned til bygdin, men ein kjem i alle fall tørrskodd øve elva.
Deretter går det nesten rett østover øve ein liten bekk, før det igjen kjem ein stigning på 250 høgdemeter, og eg er oppe på vel 1500 moh. Etter ein liten rast ved elva som renner gjennom det lille dalsøkke under Øksedalshøe (1694 moh), vel eg å fortsette sør/øst oppover steinura, litt øst for toppen 1585. Og stein er det. I massevis. Herfra er det ingen stia so ein må prøva å finna den mest velegna ruta på eiga hand. Artig utfordring i ukjent terreng. Enkelte plassar er det fortsatt snøfonner som er faste og fine og gå på, i alle fall tidlig på dagen. Dette skal forandre seg til heimturen. Deretter fortsetter jeg i nesten rett linje mot galdeberget (1950 moh) til eg kjem på eit lite platå på ca 1800 moh. Etter nok ein liten rast berer det videre nord/øst mot Galdebergtind. Det fine været som har holdt seg so langt, er på vikende front. Tunge skyer og tåkedottar kjem sigende med jamne mellomrom. Eg håpar og nå toppen før det virkelig blir ille. På 1900 moh går eg på ei stor snøfonn som går langs det bratte stupet mellom Galdeberget og Galdebergtind. Tåka er no blitt tettare so her gjeld det og følga med kor ein går. Dei siste 100 høgdemeterane går i ei stor steinur før den siste beten går på fjell. Endelig er toppen der, gleda over og vera framme etter nesten 5 timar er stor. Skuffelsen likeså øve at det fine været som var da turen starta er vekke og skifta ut med tjukk tåke. Den strålande utsikten som eg skulle ha øve Jotunheimen strekker seg til 5- 10 m meter ut i tjukk grå tåka. Jaja, sånn er det på fjellet, været er uforutsigbart og skiftande. Lite å få gjort med det.
Etter å nytt ein liten matbete på toppen og fått skrive seg i boka som er plassert på varden, er det på tide å komma seg nedatt. Sjølv i tjukk tåka so går det greitt å komma seg nedatt. Fra 1800moh er dei snøfonnene som var faste og fine for eit par tima sia no mjuke og tunge og gå på. Løysninga er og bruka sitteunderlaget som akebrett og skli ned. Dermed forsvinner høgdemeterane fort. Nede ved elva på 1500 moh, tek eg fram primusen og kokar tomatsuppa med nudlar i. Varm mat gjere godt no det er blitt kaldere og rått i lufta.
 Etter ein halv times pause, er det og begi seg nedatt mot Bygdin og turen langs vatnet går unna. 20 minutt før eg er framme ved bilen, begynner det og øsa ned. Kliss blaut kjem eg fram til bilen etter nesten 9 timar på tur. Alt i alt har det vore ein kjempetur, sjølv om den uforutsigbare tåka ødela utsikten fra toppen, og regnet godt kunna holdt seg unna ei lita stund til. Til min overraskelse so traff eg ikkje folk i løpet av turen, sjølv no i ferietiden. Gode sko er ein forusettning for ein tur so høgt på fjellet. Mykje steinur og fjell samt noko myr pregar terrenget. Ellers er denne turen for dei fleste som er litt vande å gå tur og likar bratte bakkar, og på ein skikkelig godværsdag er nok utsikten over Jotunheimen upåklagelig.  Eg brukte som sagt nesten 9 timar, men for den som har det litt meir travelt, so vil ein kunna gjera unna turen på adskillelig kortere tid. Men eg vil anbefala og bruka god tid og nyta den vidunderlige utsikten som er undervegs og ( sannsynligvis) fra toppen. Detta var for meg min fyste topp over 2000 m, men d bli nok ikke siste. God tur.


 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.08 | 16:23

Syntes nordsida var fint å gå, sølv om det er litt brattere. Einaste utfordringen me fekk var å finna ein egna plass å kryssa elva pga litt høg vassføring.

...
10.08 | 15:17

Takk Vi kommer kanskje til å prøve nordsiden neste gang. Hvilken av rutene synes du var best?

...
10.08 | 14:02

På denne turen gjekk eg over elva og opp Suleskaret, tok av vestover sør for tinden og opp på toppen fra vestsida.

...
10.08 | 13:56

Forrige helg gjekk me fra Sulebu og opp nordsida av tinden men kryssa da elva ved utløpet av øvre sulevatnet i vest og fulgte vardane til toppen.

...
Du liker denne siden