Støgonøse, Filefjell, 1443 moh

Støgonøse ligg som bakgrunn for Nystuen Hotel på Filefjell, vel 450 høgdemeter ovanfor hotellet. Beregn ein god time, halvannan time opp i delevis bratt terreng men med ein fantastisk utsikt over Slettningen og Otrøvatnet. Herfra kan ein sjå inn til Jotunheimen mot nord, og mot Suletinden i sør. På toppen ligg det ein utkikkspost som gir litt ly for vinden som ganske ofte er her på toppen, men på ein godværsdag er som sagt utsikten uovertruffen  Stien begynner nokre 100 meter vest for hotellet og går nesten rett inn i eit bratt parti som går ca. 250 høgdemeter opp, medan dei resterande 200 høgdemeterane går meir i vekslande terreng med kortare bratte parti. Ei anna rute er å fylja stien som går fra Grihamarstølen, over Støgonøse og komma nedatt ved Nystuen Hotell. Tidsmessig er ikkje denne runden so mykje lenger enn å gå tur/ retur toppen, det er god sti det meste av vegen men også her er det ein del parti med relativ bra stigning og nokre ekstra høgdemeter blir det. Ein passerer og eit par fine fiskevatn som er verd og stoppa ved og prøva fiskelykken. God tur

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.08 | 16:23

Syntes nordsida var fint å gå, sølv om det er litt brattere. Einaste utfordringen me fekk var å finna ein egna plass å kryssa elva pga litt høg vassføring.

...
10.08 | 15:17

Takk Vi kommer kanskje til å prøve nordsiden neste gang. Hvilken av rutene synes du var best?

...
10.08 | 14:02

På denne turen gjekk eg over elva og opp Suleskaret, tok av vestover sør for tinden og opp på toppen fra vestsida.

...
10.08 | 13:56

Forrige helg gjekk me fra Sulebu og opp nordsida av tinden men kryssa da elva ved utløpet av øvre sulevatnet i vest og fulgte vardane til toppen.

...
Du liker denne siden