 |
 |
|
 |
 |
Å sykla rallervegen er berre noko ein må oppleva. Turen bør leggast litt utpå sommeren da det fort kan vera ein del snøfonner igjen i høgfjellet tidlig på sommaren. Lettaste vegen er og sykla fra aust til vest, motsatt veg bli det mykje stigning. Me tok toget fra Flåm til Myrdal og steig deretter på Bergenstoget til Haugastøl. Turen startar ut fra Haugastøl stasjon ca 1000 moh. Deretter bere det vestover og inn på sjølve rallarvegen. Det er småkupert men stig jamt inn mot Finse, 1222 moh. Her tek mangen ei overnatting før turen videre mot Vatnahalsen og flåm. Me valde og sykla heile vegen på ein dag, men overnatting er absolutt og anbefala, da ein og har tid til og besøka Rallarmuseumet. Etter Finse fortsetter turen oppover til ein har passert Fagernut Vokterbolig på 1342moh, før det endelig begynna og gå nedover. Nedstigningen er tidvis bratt og enkelte parti av vegen kan vera i litt dårlig stand pga utvasking etter snøsmeltingen, så ver obs. Eit av høgdepunkta uner nedstigningen er ned juvet mot Seltuftvatnet. Her er det stupbratt og sleipt so det er all grunn til og ta det forsiktig, enkelte vil nok foretrekka og gå denna delen. Deretter er det ein kort etappe før det kjem nok ein stupbratt nedstigning ved Vatnahalsen, der det er smalt og svingete med laus grus som underlag. Når ein so er kommen ned denna siste delen av rallarvegen so gjenstår berre transport etappen ca 15km på bilveg tilbake til Flåm stasjon. Alt i alt brukte me ca. 8 timar på turen so totalt er på vel 8 mil, i vekslande vær som er normalt i det norske høgfjellet. Gode klede og godt utstyr er viktig da det til tider er ein krevjande tur, og punktering er ikke uvanlig. Som tidligere nevnt er overnatting undervegs anbefalt for å få best utbytta og opplevelsar av turen, med Finse som ein naturlig mellomstasjon. Denna turen skal eg definitivt oppleva igjen, om enn med litt bedre tid! J P.S Skal du ha med eigen sykkel kan det vera greitt og kontakta Flåmsbana på forhand for og avklara transport da det kan vera trangt om plassen i høgsesongen. God tur!
| |
 |