Skørsnøse, 1453 moh

Onsdag 22.8 gjekk turen til Skørsnøse. Ein fin tur men ein del stigning fra starten må ein rekna med. Utgangspunktet er Grihamarstølen (968 moh) eit stykke vest for Tyinkrysset. Stien er godt merka og går opp gjennom skogen på ein grei sti, men denna dagen hadde det regna godt og stien var delevis litt glatt og litt vanskelig å ta seg trygt fram. Da ein kjem over tregrensa blir stien betydelig bedre og stig jamt opp til eit lite vatn der me valgte og ta ein liten rast med flott utsikt nordover. Siste stykket er ganske bratt med litt laus grunn men utsikten som møter ein på toppen er upåklagelig. Her har ein god utsikt i alle fire himmelretningar og ut over Otrøvatnet. Turen opp tok ca1 1/2 time. Nedatt kan ein velga å gå tilbake samme veg som ein kom opp eller ta turen om Støgonøse og koma nedatt ved Nystuen.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.08 | 16:23

Syntes nordsida var fint å gå, sølv om det er litt brattere. Einaste utfordringen me fekk var å finna ein egna plass å kryssa elva pga litt høg vassføring.

...
10.08 | 15:17

Takk Vi kommer kanskje til å prøve nordsiden neste gang. Hvilken av rutene synes du var best?

...
10.08 | 14:02

På denne turen gjekk eg over elva og opp Suleskaret, tok av vestover sør for tinden og opp på toppen fra vestsida.

...
10.08 | 13:56

Forrige helg gjekk me fra Sulebu og opp nordsida av tinden men kryssa da elva ved utløpet av øvre sulevatnet i vest og fulgte vardane til toppen.

...
Du liker denne siden