Suletind, 1780 moh

Lysten til ein tur til Suletind har vore tilstades lenge, men ikke blitt noko av. Før no. Turen starta litt over kl. 09 i lettskya vær og 10 grader. Utgangspunktet var hytta vår ved Vardin, litt vest for Nystuen. Etter å ha kryssa E16 gjekk eg inn på DNT stien som går på vestsida av Otrøvatnet til Sulebu. Det er jamn stigning fra vatnet og opp mot toppen av Gamlestøgofjellet. Turen startar på 971 moh og over toppen som ligg på 1380 moh. På ca. 1200 moh traff eg på ein reinsflokk på ca 20-30 dyr ca 50 meter fra stien, men dei stakk fort da eg kom over bakkekanten. Turen til Sulebu på 1330 moh tek litt i underkant av 2 timar og var ifølge GPSen på vel 6 km. Etter ein liten rast ved DNT hytta på Sulebu gjekk turen videre sørover langs stien mot Breistølen på Hemsedalsfjellet. Her er det relativt flatt terreng til eg starta på stigningen opp mot Suleskardet på ca.1500 moh der eg måtte forsera nokre steinurer og snøfonner som nok ligg til langt utpå sommeren. Stien hit er godt merka med varder. Ved Suleskardet tok eg av vestover opp mot steinurene som ligg rundt tinden. Etter å ha gått ein knapp km slakt oppover i steinurene til vestsida av Suletinden kom eg til ein utydelig sti med små varder som går opp mot sjølve tinden. Det er ikke merka nokon sti fra Suleskardet og rundt toppen men lett og finna fram på eigen hand. På toppen var utsikten fantastisk, med milevis utsikt i alle himmelretninger. Totalt brukte eg litt over 4 timar til toppen og GPSen viste da 12,5km, men her er nok av fin utsikt og nyta so det er viktig å ta seg god tid. Etter ein halvtime på toppen gjekk turen i samme sporet heimover. Møtte to vandrara på Sulebu ellers hadde eg fjellet for meg sjølv heile denna flotte dagen. Kom heim i 17.30 tida og turen tok soleis litt over 8 timar i strålende solskinn med minne for livet. Totalt vart det tilbakelagt 25km og 1115 høgdemeter. Turen anbefalast på det sterkeste, berre husk godt fottøy da det til tider er ganske ulendt terreng. God tur J

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Synnøve W. Haaland | Svar 10.08.2015 12.17

Vi gikk samme turen for noen dager siden, men det ble vel mye jobb. Gikk du over elven og opp i skaret eller gikk du rundt på nordsiden og så fulgte vardene?

Lasse 10.08.2015 16.23

Syntes nordsida var fint å gå, sølv om det er litt brattere. Einaste utfordringen me fekk var å finna ein egna plass å kryssa elva pga litt høg vassføring.

Synnøve W. Haaland 10.08.2015 15.17

Takk Vi kommer kanskje til å prøve nordsiden neste gang. Hvilken av rutene synes du var best?

Lasse 10.08.2015 14.02

På denne turen gjekk eg over elva og opp Suleskaret, tok av vestover sør for tinden og opp på toppen fra vestsida.

Lasse 10.08.2015 13.56

Forrige helg gjekk me fra Sulebu og opp nordsida av tinden men kryssa da elva ved utløpet av øvre sulevatnet i vest og fulgte vardane til toppen.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.08 | 16:23

Syntes nordsida var fint å gå, sølv om det er litt brattere. Einaste utfordringen me fekk var å finna ein egna plass å kryssa elva pga litt høg vassføring.

...
10.08 | 15:17

Takk Vi kommer kanskje til å prøve nordsiden neste gang. Hvilken av rutene synes du var best?

...
10.08 | 14:02

På denne turen gjekk eg over elva og opp Suleskaret, tok av vestover sør for tinden og opp på toppen fra vestsida.

...
10.08 | 13:56

Forrige helg gjekk me fra Sulebu og opp nordsida av tinden men kryssa da elva ved utløpet av øvre sulevatnet i vest og fulgte vardane til toppen.

...
Du liker denne siden