Stølsmaradalen

Mot Avdalen

Gravdalen

Zitah

Utladalen

Vetti og Vettismorki

Vettismorki

Campen ved Storebekken

Utladalen

Vettisfossen, 275 m fritt fall

Stølsmaradalen

Heilårsbru over Stølsmaradøla

DNT hytta

Nydelige Stølsmaradalen

Storebekken

Fleskedalen, Friken til venstre

Blautt og litt snø

Zitah, 11 mnd Malamute

Storebekken

Campen med nydelig utsikt, Vettisfossen

flott utsikt, litt knask og kjekt turfølge

Utladalen for mine føtter :)

Slappar av i leiren

Stølsmaradalen via Avdalen er ein flott men ganske tung tur med til dels bratt stigning fra Avdalsbru og opp mot Fuglenosi.
Me hadde avgang fra parkeringsplassen på Hjelle før turen gjekk langs Folkevegen mot Vetti i eit par km før me svinga av mot Avdalen og stigningen for alvor starta. Etter ein liten rast på Avdalen fortsatte me opp mot Vårstølen knappe 150 hødemeter ovanfor Avdalen. Rett før Vårstølen er det skilta til høgre mot Stølsmaradalen og no tek stigningen for alvor til opp mot Fuglenosi. Etter ca 400 høgdemeter so flatar stien ut under Fuglenosi og me fortsetter østover i lett stigning forbi litt myrterreng.
Herfra er det kupert terreng og no tidlig i juni veldig blaut og fortsatt ein del snøfenner som må forserast men allikevel greitt og ta seg fram. På vegen er det 3 litt større bekkar som må forserast, Nonsbekken, Nybekken og Storebekken. Til tross for snøsmelting og stor vannføring kom me oss greitt over utan og bli altfor blaute.
Med 30 kg oppakning og Zitah, Alaskan Malemute tispa på 11 mnd vel me å overnatta ved Storebekken der det er fin plass og slå opp teltet med vettisfossen og Morki som fin utsikt.
Dagen etter fortsetter me til DNT hytta i Stølsmaradalen, ca 1 1/2 time fra Storebekken. Veldig blautt og ein del snøfenner her og. Nokre 100 meter mæter ein stien opp Brendeteigen fra Vetti og ser ned på hytta på Stølsmaradalen, kryssar elvi på heilårsbru og er framme på hytta som ligg så fantastisk flott beliggenhet. Herfra kan ein gå tilbake mot Avdalen, Ned bratte Brendeteigen mot Vetti eller vidare mot Midtmaradalen og Skogadalsbøen. Mange mulighetar.
Me brukte ca 7 timar til Stølsmaradalen, men hadde ingen hastverk. Med 12 km fra Hjelle og 1000 høgdemeter er det greitt og vera litt i form og ta seg god tid, ikkje minst for å nyta den flotte naturen dalen her kan by på. Kan sterkt anbefalast :)

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.08 | 16:23

Syntes nordsida var fint å gå, sølv om det er litt brattere. Einaste utfordringen me fekk var å finna ein egna plass å kryssa elva pga litt høg vassføring.

...
10.08 | 15:17

Takk Vi kommer kanskje til å prøve nordsiden neste gang. Hvilken av rutene synes du var best?

...
10.08 | 14:02

På denne turen gjekk eg over elva og opp Suleskaret, tok av vestover sør for tinden og opp på toppen fra vestsida.

...
10.08 | 13:56

Forrige helg gjekk me fra Sulebu og opp nordsida av tinden men kryssa da elva ved utløpet av øvre sulevatnet i vest og fulgte vardane til toppen.

...
Du liker denne siden